Finn innhold

Universet er kaldt, og det kan vi utnytte

IR_univers_bred

Det kjennest varmt i sola. Det er ikkje så rart, når sola lyser på oss med om lag 1 kW per kvadratmeter. I skuggen er det kaldt, fordi vi ikkje står i solsteiken. Om himmelen er skyfri blir det ekstra kaldt, for då går den infraraude strålinga frå oss og bakken rundt oss rett ut i verdsrommet. Dette opplever vi sterkast etter ei klår natt, ved at bakken då har blitt kaldare enn når himmelen er dekt av skyer. Den tydelegaste teiknet på denne kjølinga ser vi når vi finn rim på bilen vår om morgonen. Ein bil som er parkerte ute under open himmel samlar mykje meir rim gjennom natta enn ein bil som står under tak. Kjøleeffekten gjer også at rim kan setja seg på bilen utan at nattetemperaturen rundt bilen har vore under null.

Jorda sender ut infraraud stråling, like mykje som jorda fangar opp av den innkomande solstrålinga, så dette er ingen liten effekt. For å utnytte denne kjølinga treng vi eit belegg som reflekterer det synlege lyset og som er ein effektiv strålar av infraraudt lys. I den infraraude strålinga frå jordkloden er det mest med ei bølgjelengde på 10 mikrometer. For å laga ei overflate som strålar effektivt med den bølgjelengda kan vi bruke eit dobbeltperiodisk holmønster i overflata, med ein periode i holmønsteret som er litt under 10 mikrometer. Dette er utnytta i eit belegg som er laga for å kjøle solceller, som rapportert i fylgjande artikkel publisert i magasinet IEEE Spectrum: Photonic Crystal Uses Coldness of the Universe to Chill Solar Panels on Earth (trykk på lekkja for å lesa meir).

Hovudbilete: Mjølkevegen i infraraudt, teke av 2MASS Project, Umass, IPAC/Caltech, NSF, NASA.

 

Forfatter: Aasmund Sudbø
Professor
Fysisk institutt, Universitetet i Oslo

 

Legg inn en kommentar

%d bloggere liker dette: